El-sykkel, du kan låne av oss

av | apr 20, 2021 | Siste Nytt | 0 kommentarer

No kan du låne el-sykkel av oss.

Desse gjestane testa ut el-sykklane våre i helga. I strålande vær sykkla dei langs Ålfjorden til Førde, ca 40 min. Dei parkerte sykklane ved Sambrukshuset i Førde og gjekk til Dreng. Der nøyt dei ein fantastisk utsikt i strålande sol. Etterpå gjekk turen til Rhododendronparken Rex Garden.

Dei brukte heile dagen på denne utflukten og var strålande fornøyde då dei kom tilbake til oss. Godt nøgde med både sykklane og opplevingane.

Dette er berre ein av turane ein kan ha med sykkel sjå oss. Det er også flottå sykkle til Sveio sentrum der ein kan gå ein tur ved goldbanen og ta seg ein tur innom dei flotte butikkane me har i Sveio sentrum.

Det må ogåså nevnast at i Førde er det ein nydeleg strand og uteområde. Joker i Førde er open kvar dag utanom søndagen, der kan ein inn å handla litt om ein vil. Det smakar alltid godt med ein is når ein er på tur, syns ikkje du?