Velkommen

Camp Ålfjorden er ein camp der ein kan finne roen tett på naturen. Hos oss kan ein ta seg ein tur på sjøen, fiske, bade, gå tur eller berre sitte å nyte den flotte utsikten og omgivelsane.

For å booke glamping/telt/bobil/campingvogn overnatting gå inn på «booking-knapp» under.

Om Camp Ålfjorden

Ein camp som ligg idyllisk til innerst i Ålfjorden i Sveio, på Vestlandet

 

Me er tredje generasjon som driv camping her på Fjon. Dei første camping entusiastane kom tidleg på 70- talet. I 2019 opna me ein nyoppussa camp der me ynskjer å gi våre gjester å komma nær naturen. Ein fristad der ein kan væra i aktivtetet og kvila. Noko som er mogleg i dei idylliske omgivelsane nær sjø, holmar og elveutløp.